Osmund Ueland gir seg ikkje,
Hytteforeiningar og løypelag i Nes austmark vil ha meir av «kaka».
Dei gir ikkje opp forsøket på å
få eit større tilskot til gjennomgangsløypa mellom Gol og Flå.
På vegner av sti- og løypelaget gjekk tidlegare konsernsjef i NSB, Osmund Ueland, før
påske kraftig ut mot Nes kommune og det han hevda var forskjellsbehandling. Årsaka var at
bidraget til Hallingdalsløypa på
vestsida i Nesfjellet var mykje
større enn til gjennomgangsløypa på austsida. Han meinte at Nes kommune og Nesbyen Turist- og næringsservice
(NTN) skeivfordelte tilskotet
med 80 prosent til vestsida og
15 prosent til løypa på austsida.
Ifølgje Ueland bør tilskotet delast likt, og han kritiserte dessutan NTN for ikkje å ha samla
inn nok pengar.
No har Ueland, som styreleiar i Buvasstølan sti- og løypelag, på vegner av fi re foreiningar i austmarka søkt Nes kommune om eit tilskot på 100.000
kvart år i fi re år for å sikre opparbeiding og drift av gjennomgangsløypa, som no er kalla
Eventyrløypa. Det er det same
beløpet som Nes kommune har
avsett til løypetilskot i år.